Forskjellig

Bakteriane som øydelegg mjølkekvaliteten

Anaerobe sporedannande bakteriar gjev feilgjæring i ost, mens de aerobe fører til at mjølka søtkoagulerar.

Olaug Tveit

Rådgjevar Mjølkekvalitet i Tine

Anaerobe sporar sine vegar til tankmjølk

Tegning: Sunniva Anette Hunskaar Tajet

Sporedannande bakteriar er ein bakterie som fins naturleg i jord og vatn. Under ugunstige forhold har han evna til å gå over frå ein tilstand som levande bakterie til å vera i kvilefase som spore. Under gunstige forhold vil han på nytt gå over til å vera ein aktiv bakterie.

Bakterie med «overlevelsesdrakt»

Dette er ein bakterie med «overlevelsesdrakt ». I sporeform er han ekstremt motstandsdyktig og overlever høg temperatur, kjemikalie, desinfeksjon, stråling ,tørke, kulde og pasteurisering. Då denne bakterien ikkje finns naturleg i mjølk må den bli overført frå miljøet rundt.

To typer

Bakterien kan finnast både som anaerob (utan luft) og aerob (med luft).Den aerobe bakterien Bacillus cereus er oftast årsaka til at mjølka søtkoagulerar, og då den kan produsera giftstoff (toxin) kan den også vera årsak til matforgiftning.

Den anaerobe bakterien Clostridium er oftast årsaka til dårleg kvalitet på dei faste ostetypane. Osten får unormal holsetjing med beisk og ubehageleg smak.

Anaerobe sporedannande bakteriar

Bilde av ost med feil holsetjing og til høgre bilde av søtkogulert mjølk.

Foto: NLR

Dei anaerobe sporedannande bakteriane kan leva og veksa utan oksygen. Desse bakteriane er også den kvalitetsfeilen som påfører meieriindustrien størst kostnad. Sporane fylgjer med ystemjølka og over i osten. Under lagring får sporane luftfritt miljø med passe temperatur, pH og fukt. Eit miljø som er ideelt for sporane til å utvikla seg til levande bakteriar igjen. Bakterien produserer gass og det blir feilgjæring i osten. Resultatet blir oppsprukken ost med dårleg smak. Faste og halvfaste ostetypar som skal lagrast og modnast er mest utsett.

Dei anaerobe sporedannande bakteriane kjem inn i fjøset via forureina gras som blir ensilert, i rundballar eller plan/tårnsilo. Med sporar i fôret blir det sporar i gjødsla som på nytt blir spreidd ut igjen på enga.

Fôrhygiene

Køyrespor frå året før bør jamnast/tromlast. Å få spreidd gjødsla tidleg på våren, før det er blitt bladvekst på graset er viktig.

Likeeins er konsistens , spreiemetode og vêrtilhøva viktig. Det er mange ulike måtar å hausta enga på, men felles for alle er at stubbehøgda bør vera minst 10 cm. Ensileringsmiddel må brukast, syrebaserte middel i rett mengde er det som blir tilrådd. Har ein hatt problem med sporar i mjølka over tid , kan det vera aktuelt å bruka kofasil (saltbasert) i rundballar og plansilo, men ikkje i tårnsilo. Raking av graset kan vera ei utfordring. God pakking og mange nok lag med plast på rundballane er viktig. Sørg for at det ikkje blir køyrt med skitne hjul inn i plansilo under ilegging, og pass på at rundballar blir lagra på tørt eller drenerande underlag. Når sporane først er i fôret og er komne inn i fjøset , er dei over alt.

Hygiene i husdyrrom

I mange tilfelle kan det vera krevjande å halda dei vekke frå mjølka, men ikkje umogeleg. Generelt reint og tørt miljø i fjøset, reine dyr og daglege rutinar for reinhald av spalteplank/gangareal, fôrbrett og drikkekar er viktig. Kubørste og måkerobot gjer ein god jobb. Årleg nedvasking av fjøs og rutinar for klauvskjering og reinhald fôrmiksar/transportband er suksessfaktorar.

Mjølkingshygiene

Ein rein og tørr spene vil ikkje tilføra mjølka sporar. Eit klipt (barbert) jur er enklare å halda reint enn eit hårete jur.

Korleis ein klarar å få tørr og rein spene er avhengig av type mjølkingssystem. I bås/mjølkestall er handhygiene, jurklutar (type, bruk, reingjering) og mjølkingsteknikk viktig. Med robot må ein ha gode daglege rutinar for vask av robotarm, sjekka vaskekopp/børstar (funksjon, temperatur), filterskifte (tre pr. dag) og at roboten har presis påsetjing.

Aerobe sporedannande bakteriar

Figur 1. Etablering av biofilm tre trinn. Figuren er tatt fra Vlamakis (2013) Smått til

Dei aerobe sporedannande bakteriane er avhengig av oksygen for å leva. Når mjølka søtkoagulerar blir den seig, er søtleg på smak og er ikkje brukande. Som bildet viser festar dei aerobe sporane seg lett til biofilm/belegg.

Dei aerobe sporane kan ein finna dersom det er manglande hygiene i fjøs, dårleg fôrhygiene og dårlege rutinar rundt mjølking, mjølkingsutstyr og mjølkingsteknikk. Desse sporane vil følgja med leverandørmjølka inn til meieriet og vil også skapa problem med biofilm på tankbilar, silotankar og meieriutstyr.

Det visar seg også at mask (bryggeriavfall) kan vera ei kjelde for både anaerobe og aerobe sporar. Kornprodukt inneheld ofte sporar. Masken har høgt vassinnhald, er temperert og blir vanlegvis blanda i formiksar. Dermed forureinar den lett både formiksar og fôrbrett og krev ekstra fokus på reinhald og hygiene om den skal brukast.

I og med at sporane lett festar seg i biofilm og belegg er det viktig med optimal vask av alt mjølkeutstyr.

Korrekt vask

Figur 2. Sinners Sirkel - reingjeringssirkelen

  • Rett mengde vaskemiddel i forhold til mengde vatn

  • God vannflow

  • Bruke vekselvis kombi og syre (obs! haldbarheit, frysing)

  • Rett temperatur på skyllevatn, max. 40 grader

  • Rett temperatur på vatn i hovudvask, sluttemperatur over 50 grader

Tine har rådgivarar som du kan ta kontakt med om du har utfordringar med sporar.